Hadde besøk av Anders i helga, det var kjempe koselig. Hadde gleda meg heile veka til å reise heim igjen. Brukte eigentleg mesteparten av helga til å drive med skulearbeid. Eg har lest i ei bok som heiter Juliet,Naked denne er faktisk så kjedeleg at eg sovnar etter at eg har lest ei halv side. Ikkje spør meg om inholdet, for eg er ikkje heilt sikker endå kva ho handlar om.. å eg er på side 123. Språket er vannskeleg,skrifta er liten å den er gørr kjedeleg. Angrar på at eg ikkje valgte ei annan bok å lese i engelsken. Darn it.
Eg har også skrevet litt på bokraporten om boka Juliet,Naked. For ikkje å gløyme det, så har eg øvd til prøve om hud og hodebunn. Det gjekk ganske bra på prøven så eg satsar på at det går bra. Dykk skal få vite resultatet. Det har forresten snødd ganske mykje her i dag! reknar med at det regnar vekk om ikkje så lenge uansett. Kjedelige Høyanger. Men no må eg eigentleg konsentresa meg om å lese den »morosamme» boka mi. Me bloggast
å ta bilde speglvendt er dritkult..

