Hei alle saman no er det lenge sidan eg har blogga sist. Det er eigentleg fordi eg ikkje har hatt noko å blogga om. Tenkte at sidan det er så lenge sidan eg har blogga, så burde eg gje dykk ei lita oppdatering. For dykk som ikkje veit det frå før så har eg byrja på frisørskule i Høyanger, og bur no på hybel isaman med ei som heiter Synnøve.
I vekene som har gått sidan me byrja på skulen har me både, klipt hår,farga hår,harr fargekurs, og rulla opp hår. Me er ein ganske stor klasse på 21 elevar og snart skal me bli 22 elevar.Det er snakk om at me skal delast inn i ein A og B klasse, dette er eg ikkje så stor fan av. Lærarane er kjempe koslege, klasserommet er stort og skulen er fin.
Eg stortrives i klassen og på hybel. Sjølvsagt har eg nokon i klassen eg likar betre en andre, men slik vil det nok alltid vere. Anders har forresten byrja på 3.året elektro på Eid. Me er fortsatt saman å me treffast i helgene, det er ikkje noko problem.
Forresten i dag elskar eg Anders extra mykje fordi han besstilte nokon av mine MÅ HA ting: NYX jumbo pencil i milk og black bean,Negledesign børster,Sminkebørster med geitehår og Hello Kitty Travel Bag.
Eg kan ikkje vente til desse kjem i posten! Men, den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.



